
Vel grøft, mål og grunnforhold
Vel type grøft, og legg inn djupn, breidd, lengd og kva grunnen består av. Appen føreslår sikring etter regelverket og seier frå når noko manglar.
Grøfteplan og graveplan på få minutt – for den som grev, leiar eit team eller står i grøfta.
Trykk på biletet for å sjå det i full storleik.
Før det blir grave djupare enn 1,25 meter, skal arbeidsgivaren sørgje for at det ligg føre ein plan for gravinga (forskrift om utførelse av arbeid § 21-5). Grøfteplan.no hjelper deg å lage planen på få minutt – på mobil eller PC, også ute på anlegget.
Les meir om regelverket →Veivisaren tek deg gjennom planen steg for steg, og skissene blir teikna medan du fyller ut.

Vel type grøft, og legg inn djupn, breidd, lengd og kva grunnen består av. Appen føreslår sikring etter regelverket og seier frå når noko manglar.

Tverrsnitt og planskisse blir teikna ut frå måla dine. Dra gravemaskina, lastebilane og massane på plass, og vel kor tett rømningsvegane skal stå langs grøfta.

Legg inn formann, maskinførar og andre du ofte har med. Neste gong vel du dei frå lista, og namn og rolle blir fylte inn i planen.

Planen blir ein ryddig PDF med tverrsnitt, planskisse, sikringstiltak og signaturar, klar til å vise på anlegget.
Med team-abonnement arbeider heile laget i dei same planane.

Skriv ut PDF-en og heng han opp på anlegget, eller opne han på mobilen og vis han fram når nokon spør. Planen kan lastast ned på nynorsk, bokmål, engelsk og polsk, så alle på laget kan lese han på eit språk dei forstår.
Krev kontrakten at byggherren skal sjå planen før oppstart, sender du PDF-en til byggherren. Planen har felt for «Utarbeidd av» og «Godkjend av» med signatur og dato, så byggherren kan signere når de går gjennom planen saman, eller på utskrifta.
Grøftetype og mål, grunnforhold, sikringsmetode, skisse med tverrsnitt og planskisse, avstand til massar, rømningsveg, stoppkriterium, ansvarlege og signaturar. I tillegg kjem kjende installasjonar i grunnen, rutinar under arbeidet og ein sjekk mot regelverket.
Les meir om regelverket →Arbeidsgivaren – oftast entreprenøren – har ansvaret for at det ligg føre ein forsvarleg plan. Grøfteplan.no er eit hjelpemiddel: den ansvarlege må alltid vurdere forholda på staden sjølv og sørgje for at planen blir kontrollert av fagkunnig personell.
Les meir om regelverket →Ja, Grøfteplan.no fungerer i nettlesaren på mobil, nettbrett og PC, utan nedlasting. Planen du har open, blir lagra på eininga undervegs. Mistar du nettet, kan du halde fram med å arbeide i han, og endringane blir lasta opp neste gong du er på nett. Nye sider kan ikkje opnast utan nett, så opne planen før du går ut på anlegget.
Appen og PDF-en finst på nynorsk, bokmål, engelsk og polsk. Du vel språk for PDF-en kvar gong du lastar han ned, uavhengig av språket i appen.
Solo kostar 349 kr i månaden. Team kostar 299 kr per brukar i månaden og blir billegare per brukar for større team. Prisane er utan meirverdiavgift, sidan vi ikkje er MVA-registrerte. Første gong får du 7 dagar gratis, med kort eller Vipps (Vipps berre for Solo). Det er inga bindingstid, og du seier opp under «Abonnement» når som helst.
Du har tilgang ut perioden du har betalt for. Deretter blir planane lagra i 12 månader, og du får e-post 30 dagar før dei blir sletta. Startar du abonnementet att innan då, ligg planane der som før.
Kontoen og planane blir lagra i EU (Irland). Nokre av leverandørane våre, til dømes for betaling og e-post, er amerikanske selskap, og overføringar ut av EU/EØS er sikra etter reglane i personvernforordninga. Planane blir òg lagra på eininga di, slik at du kan arbeide utan nett.
Les personvernerklæringa →Ja. Under «Mine planar» kan du duplisere ein plan og endre det som er annleis. Når du fyller ut ein ny plan, føreslår appen prosjektnamn, firma og namn du har brukt før, og kontaktane i kontaktlista kan veljast med eitt trykk.
Send e-post til support@grofteplan.no, så svarar vi så snart vi kan.
support@grofteplan.no7 dagar gratis første gong. Betal med kort eller Vipps, utan bindingstid.
Prøv gratis i 7 dagar